Lite spermkonkurranse hjå hussmetten

Hjå mange sporvefuglar legg hoa egg frå fleire fedrar i same kullet. Men det kan vera vanskeleg å finna ut kva som gjer at nokre hannar har meir suksess enn andre.

Hussmettreir. Foto: Becky Cramer

Dei fleste sporvefuglar lever i parforhold, og samarbeider om å oppfostra avkomet. Men hannen er sjeldan far til alle egga i reiret. Hoa har som regel hatt andre partnarar enn sin faste. Men det har hannen òg.

– Resultatet er at hannen på den eine sida vil sjå etter muligheiter for å befrukta hoer frå andre parforhold, samstundes som han prøver å hindra at andre hannar befruktar partnaren hans.

Ikkje bekymra

– I ein slik situasjon kan det vi kallar post-coital seksuell seleksjon eller PCSS, altså omstende som inntreff etter paringa, vera avgjerande, forklarar Becky Cramer, post.doc. ved Naturhistorisk museum, Universitetet i Oslo.

I naturen finst det stor variasjon i spermcellene sin morfologi, dvs. korleis cellene er bygd opp. Det tyder på at den har innverknad på kva hannar som har suksess og blir far til flest egg. Men slik er det ikkje hjå hussmetten.

− Vi har ikkje funne nokon samanheng der. Men det bekymrar oss ikkje veldig, seier Cramer.

Veit ikkje kven hoa har para seg med

Ho har tidlegare undersøkt om songen til hussmetten har vore utslagsgjevande, men heller ikkje der fann ho nokon samanheng.

– Vi veit jo at det må foregå konkurranse på eitt eller anna nivå hjå hussmetten, og så langt har forskinga mi vist to faktorar som tilsynelatande gjev små utslag.

Cramer peikar på eit problem som ligg innbakt i analysearbeidet som vert gjort:

– Vi veit kven som har blitt far til dei enkelte egga, men vi veit ikkje kven og kor mange hoa har para seg med. Med andre ord, vi kjenner ikkje til eigenskapane hjå spermen som har blitt selektert bort, forklarar ho.

Hussmettsperm. Merk korketrekkjarforma, som gjev cellene ekstra stor fart. Foto: Becky Cramer

Feil eigenskapar

Eit anna mulig forklaring på at dei ikkje har funne nokon sikre funn kan vera at hussmetten kanskje ikkje er den ideelle arten å studera PCSS på, sidan delen av egg som skriv seg frå utanomreirlege aktivitetar ikkje er høgare enn rundt 15 %.

– Det kan godt henda at vi ser på feil eigenskapar, og at det er atferdstrekk hjå hannen som er det utslagsgjevande i konkurransen.

− Kanskje er hannen hjå hussmetten flinkare til å passa på hoa si enn hjå beslekta artar? Eller har han betre timing for når paringa skjer? Kan det på den andre sida vera at seleksjonen skjer inne i hoa, at det er den best eigna spermen som vert selektert til å befrukta egga?

– Vi veit at det endå er mykje vi ikkje veit om både hussmetten og PCSS. Men vi legg heile tida nye bitar til puslespelet.

Sjå òg

No evidence that sperm morphology predicts paternity success in wild house wrens (Behavioral Ecology and Sociobiology, July 2013)

Denne saka er òg publisert på forskning.no

Becky Cramer måler vekta på ein hussmett i felt. Foto: Carly Hodes

Av Torstein Helleve, kommunikasjonsleiar NHM
Publisert 17. sep. 2013 05:00 - Sist endret 6. nov. 2013 10:27