Hussmettens mystiske song

Ein fugl som syng kompliserte songar, er vanlegvis ein tøffing eller ein storsjarmør eller begge delar. Men kvifor hussmetten syng som den gjer, er eit uløyst mysterium.

Hussmetten er ein amerikansk slektning av gjerdesmetten. Foto: Chris Wiley

Når alle fuglar små dei er i desse dagar kjem tilbake og syng alle dage, er vårkjensla den gjev oss menneske berre ein utilsikta biverknad. Fuglesongen er uttrykk for kampen om tilveret i busk og kratt.

– Til vanleg reknar ein med at songen er eit uttrykk for det vi litt diffust kallar hannkvalitet (”male quality”). Di meir komplisert og fysisk krevjande songen er, di høgare kvalitet ventar ein å finna hjå songaren, forklarar Becky Cramer, post.doc. ved Naturhistorisk museum, Universitetet i Oslo.

Spektrogram av songen til hussmetten. Og slik høyrest den ut

Størst sjanse for reproduksjon

Hannkvalitet kan koma til uttrykk på ulike måtar hjå ulike artar. Nokre gonger er songen eit signal til andre hannar om at dersom dei ikkje klarar å syngja like komplisert, bør dei ikkje prøva seg på nokon kamp om territoriet.

Andre gonger er ein komplisert trall eit signal til hoer at denne karen er ein utmerka partner å få avkom med. Forskarane kan samanlikna songen frå ulike hannar innan ein art, og fastslå kva sider av songen som gjev størst sjanse for reproduksjon.

Men då Cramer undersøkte songen til hussmetten, ein amerikansk slektning av gjerdesmetten, fann ho – ingenting.

Hurtig frekvens

Cramer gjorde opptak av fuglesongen ved hjelp av ein kanonmikrofon. Foto: Carly Hodes

– Eg undersøkte to sider ved songen til hussmetten, som begge er fysisk krevjande. Den eine er kor presist stavingane vert repetert.

– Den andre er kor hurtig songaren klarar å skifta mellom tonar som ligg langt frå kvarandre, seier Cramer, og forklarar:

– Noko tilsvarande for oss menneske kunne vera å klappa i hendene. Di lenger ut til sida ein tek hendene mellom kvart klapp, di meir krevjande er det å halda oppe ein hurtig frekvens.

Men ho fann ingenting som tyda på at hussmettane med den mest krevjande songen, fekk fleire avkom.

To mulige forklaringar

– Det var ei overrasking. Andre forskarar har vist at songen til hussmetthannen fungerer som kallesignal og tiltrekkjer seg både hoer og andre hannar, men eg fann ikkje at kvaliteten på songen gjorde nokon forskjell ut over det.

Ho har to mulige forklaringar på resultatet:

– Den eine er at det kan vera andre sider ved songen enn dei eg har undersøkt som er utslagsgjevande, t.d. toneleie.

Fylgjer ikkje trenden

– Men ei anna forklaring kan vera at det faktisk ikkje er samanheng mellom hannkvalitet og krevjande songar hjå hussmetten. Sjølv om det ikkje er eit like spennande funn som når ein kan påvisa ein samanheng, er det viktig at slike negative funn og vert publiserte, slik at vi får ei balansert og fullstendig forståing av kommunikasjon mellom dyr.

– Det kan vera fleire artar enn vi innser som i likheit med hussmetten ikkje fylgjer trenden.

Denne saka er òg publisert på forskning.no

Sjå òg

Becky Cramer måler vekta på ein av hussmettane i studien. Foto: Carly Hodes

Av Torstein Helleve, kommunikasjonsleiar NHM
Publisert 27. mai 2013 05:00 - Sist endret 6. nov. 2013 10:26