Akerselva tilbake som før, to år etter klorutslepp

Men forskarane bak rapporten åtvarar mot å tru at det er ålreit med litt utslepp i ny og ne.

Dyrelivet i Akerselva er nesten tilbake på nivået før utsleppet for to år sidan. Foto: Henning Pavels, NHM/UiO

”Klorutslipp har utradert livet i Akerselva.” ”Akerselva lagt øde.” ”Alt liv ble utryddet - og vil forbli det i lang tid.”

Dette stod å lesa for to år sidan, i mars 2011. Eit utslepp av natriumhypokloritt frå Oset vannbehandlingsanlegg ved Maridalsvatnet utrydda store delar av livet i Akerselva, og daud fisk og kreps vart samla inn.

Men i ein ny rapport frå Naturhistorisk museum, Universitetet i Oslo, går det fram at livet i elva nesten er tilbake på same nivå som før utsleppet. Så kva er forklaringa?

Store konsekvensar

– Utslepp som dette skjer heldigvis sjeldan, seier Åge Brabrand. Foto: Per Aas, NHM/UiO

– Ved akuttutslepp til rennande vatn vert gifta borte på nokre timar, eller i alle fall dagar. Det gjer at tilhøva raskt er tilbake på eit nivå der dyrelivet kan etablera seg på nytt, forklarar forskar Åge Brabrand.

– Og sjølv om utsleppet utan tvil hadde store konsekvensar for livet i elva, var nok ikkje situasjonen fullt så apokalyptisk som media kunne gje inntrykk av, supplerer forskarkollega Svein Jakob Saltveit.

Rapporten deira viser at botnfaunaen er tilbake på nivået før utsleppet. Dei fem vanlegaste  fiskeartane i elva (laks, aure, ørekyt, trepigga stingsild og niauge) har om lag same tettheiten som før utsleppet, og kreps er òg like utbreidd.

Bagatelliserer ikkje

– Fyrst og fremst viser dette naturen sin imponerande evne til restaurering etter  utslepp som dette. Medan kontinuerlege utslepp gjev kontinuerlege skadar, ser vi at livet etter kvart klarar å reetablera seg ved ulukker som denne og til og med ved større miljøkatatrofar, seier Brabrand.

– Det er jo nettopp fordi dette – heldigvis og trass alt – er ei såpass sjeldan hending at den vekkjer slik oppsikt.

Saltveit understrekar at dei ikkje bagatelliserer utsleppa, men viser til korleis livssyklusen til dei ulike artane har bidratt til ei raskare gjenoppliving av elva enn mange hadde frykta.

– To årskull laks som stod i elva vart nesten heilt utrydda. Men rogna som låg i grusen vart ikkje råka av utsleppet, og vart klekt seinare på våren.

– Livssyklusen til artane har spelt inn på kor raskt dei har etablert seg igjen, seier Svein Jakob Saltveit. Foto: Per Aas, NHM/UiO

– Og laksegenerasjonen som var på vandring i havet då utsleppet skjedde, kom òg tilbake til elva for å gyta både fyrste og andre året etter, seier han.

Midgardsormen

Saltveit legg til at livssyklusen til dei ulike artane òg har spelt inn på kor raskt dei har etablert seg på nytt. Artar med ein eller fleire generasjonar i året har naturleg nok brukt kortare tid på å koma tilbake til tidlegare nivå enn artar som brukar fleire år på å verta kjønnsmodne.

Dei legg til at sjølv om livet i elva har kome raskt tilbake, betyr ikkje det at utsleppet ikkje har hatt konsekvensar.

– Norge har forplikta seg til å fylgja EUs vassdirektiv, som legg vekt på den økologiske tilstanden i eit vassdrag, ikkje berre vatnkjemiske målingar som tidlegare. Kommunen sitt store prosjekt for å møta desse krava, mellom anna Midgardsormen, vil gjera tilhøva betre for organismar i elva, og då er det sjølsagt viktig at utslepp som det i mars 2011 ikkje skjer igjen. 

NHM-rapporten: Tilstand for bunndyr, fisk, edelkreps og elvemusling i Akerselva etter utslipp av hypokloritt

Denne saka er òg publisert på forskning.no

Av Torstein Helleve, kommunikasjonsleiar NHM
Publisert 13. mars 2013 05:00 - Sist endret 13. aug. 2020 10:17