− Hallo, er nashornet inne?

Irske nashorntjuvar kan ha rekognosert på NHM. Men her er det berre plasterstatningar å finna.

Høgt heng det, og falskt er det (i alle fall hornet). Frå trappa i Zoologisk museum.

Petter Bøckman er van med telefonar med tidvis rare spørsmål, men mandag fekk han ein ekstra spesiell henvendelse.

 − Det var ein engelsktalande mann som ringte frå skjult nummer og lurte på han var komen til Naturhistorisk museum. Då han fekk stadfesta det, spurte han om vi hadde nashorn utstilt.

Falskt horn

Tilsynelatande eit uskuldeg spørsmål. Men dei siste seks månadane har det vore over 20 tjuveri av horn frå nashorn ulike stader i Europa, noko NHM er grundig obs på.

− Så då eg svara at riktignok hadde vi det, men at hornet var falskt og av plast, dabba interessa hans fort av, småhumrar Bøckman.

Jon Lønnve, seksjonssjef for konservering og forskingsteknikk ved NHM, ristar lettare oppgitt på hovudet av historien.

Neglebiting

− Vi kjenner godt til desse tjuveriraida, seier han.

− Det som er så synd med dette er at andre museum mistar vitskapleg materiale pga. noko som berre er ein myte. Dei oppmalte horna skal etter seiande auka den seksuelle prestasjonsevna til mannen.

− Sanninga er at horna til nashorn er laga av det same som fingerneglane våre, så sjølv om ein skulle få tak i ekte vare, ville det ikkje ha meir effekt på potensen enn å bita negler. Men no kryssar vi fingrane for at banden har oppfatta at det ikkje er noko å henta ved NHM, og at vi ikkje høyrer meir frå dei, seier Lønnve.

Sjå òg:
− Neglbiting er like effektivt for potensen (Dagbladet, 28. august 2011)

Fra Dyregeografisk salHeller ikkje nashornet i Dyregeografisk sal har fått behalda sin originale nasepryd.

Av Torstein Helleve, nettredaktør NHM
Publisert 20. sep. 2011 17:29 - Sist endret 4. nov. 2011 10:01