Vaskar fram bergartar og freda fossil

Folk i Osloområdet har freda fossil og spennande bergartar så å seie rett utanfor stovedøra. Men for at dei skal vere synlege, må mose, tre og ureining ryddast vekk.

- På dette vesle området kan ein sjå og ta på fleire lag, bokstaveleg tala, med historie! Her finst 440 millionar år gamle fossil, 250 millionar år gamle spor etter vulkanar, og spor frå istida for 10 000 år sidan!

På eit lite område midt i eit bustadfelt i Bærum står Hans Arne Nakrem, professor i paleontologi ved NHM, saman med Jon A. Markussen, seniorrådgjevar i miljøvernavdelinga hjå Fylkesmannen i Oslo og Akershus, og Frank Myrvoll, nabo og styreleiar i Vallerskogen tomtesameige.

Bioherm før opprensking. Misfarging og vegetasjon skjuler en del av de geologiske formasjonene
Før oppryddinga: Misfarging og vegetasjon skjuler ein del av dei geologiske formasjonane i Vallerkroken naturminne. Frå venstre: Hans Arne Nakrem, Jon Markussen og Frank Myrvoll.

- Det er gjerne dyr og planter som er "kjendisane" når det gjeld freding, fortel Hans Arne Nakrem. - Folk er klare over at fjellreven og orkideen er freda i Noreg. Det som er meir ukjend, er at steinar og fjell òg kan vere freda. Til dømes finst det fleire svabergområde der det ikkje er lov å tenne bål, fordi fjellet kan sprekke opp.

Vallerkroken naturminne ligg i Bærum kommune, og vart verna saman med utvalde stader i Oslofeltet i 1988.

- Oslofeltet er eit av dei mest interessante områda i verda for geologi, seier Jon A. Markussen. - Bergartane her er frå fleire forskjellige tidsperiodar, og dei ligg i eit relativt lite område som er lett tilgjengeleg for folk.

Trefelling og fjellblåsing

- Desse områda har vore verna sidan 80-talet. Men vern i seg sjølv er ikkje nok, seier Markussen. - For at dei geologiske rikdommane skal verte synlege for folk, må det ryddast og reinskast.

I dag skjuler tre og buskar mykje av berget. Skuggen desse lager gjer at det vert fuktig på bakken, og dermed veks det meir mose og lav som delvis skjuler bergartar og fossil.

- Det er synd å sjå at det gror over, for dette er fantastiske formasjonar, seier Frank Myrvoll, som bur i nærleiken av Vallerkroken. - Eg pleier å ta med barnebarna hit, og eg veit at mange barnehagar og skular brukar dette området. Ungane gjer store auge når dei ser kva fjellet kan fortelje. Det vert spanande å sjå korleis det vert når ein får reinska opp – dette er jo eit museum i seg sjølv!

Olav Christian Ljøner Hagen frå Bærum kommune er innleigd av Fylkesmannen for å felle tre og buskar rundt formasjonane. Sjølve fjellet vert blåse reint med tørris av firmaet Blast-it AS.

 

 

Fjellet er reinska for misfarging, tre er kutta ned og mose fjerna slik at fjellet kjem tydelegare fram.
Etter: Berget er blåse med tørris, og skilnaden mellom dei ulike bergartane kjem betre fram. Den store loddrette bergskrenten er ein bioherm, ein revstruktur danna av restane etter kalkhaldige dyr i perioden silur, for om lag 440 millionar år sidan. Den brunare bergarten nede til høgre i forgrunnen er ein diabasgang, ein vulkansk bergart danna for om lag 250 millionar år sidan.Om ein går nærare, er det lett å få auge på fleire fossil i biohermen.

Skal skjøttast betre

- No har Fylkesmannen sett av ein del pengar til skjøtsel av dei verna geologiske områda i Osloområdet, så no tek me tak. Framover skal desse områda halde ein standard som gjer at dei geologiske formasjonane kan visast fram. I løpet av dei to siste åra har me allereie rydda ein del av områda som er freda på grunn av geologi, og me håper å kunne gjere meir av denne typen arbeid neste år, seier Jon A. Markussen.

Berg overgrodd av mose, før rensking
Før: I denne bergnabben kan ein sjå mange fossil frå den geologiske perioden silur - når den ikkje er dekt av mose..

 

Berget er renska opp, no kan ein sjå fossila
Etter: - Fjellet har ikkje vore så reint sidan etter istida!, seier Jon Markussen.

Fjellets historie: For 440 millionar år sidan..

- I den geologiske perioden silur, for om lag 440 millionar år sidan, var dette eit tropisk havsokkelområde, seier Hans Arne Nakrem. Professoren hadde ei viktig rolle i kartlegginga som skjedde før Oslofeltet vart freda, og i dag er han med som fagekspert.

Spontanforelesning i skogen
Spontanforelesning i skogen: Hans Arne Nakrem (t.h) viser korleis formasjonane i naturen fortel om fortida. Frå venstre: Olav Christian Ljøner Hagen, Jon Markussen og Frank Myrvoll.

- I silur låg dette området 15-20 grader sør for ekvator, fortel professoren. - Her var det klart, varmt vatn og eit fantastisk dyreliv. Havet var mellom 10 og 100 meter djupt. Kalkhaldige dyr sat fast på havbotnen: korallar, sjøsvampar og sjøliljer, eit planteliknande dyr med rot og stilk. Fjellet her er ein bioherm, eit slags forstadium til rev, som me i dag finn i slike tropiske område. Då desse kalkhaldige dyra døydde, sank dei ned til havbotnen. Den faste grunnen som då vart danna let andre organismar vekse oppover mot havoverflata. Dyra overlevde ikkje i luft, så då dei nådde overflata, breidde dei seg utover og danna dermed biohermen, det fjellet me kan sjå i dag.

Fossil av røyrkorallar og kjedekorallar frå perioden Silur. Foto: Hans Arne Nakrem, NHM
Fossil: Fossil av røyrkorallar og kjedekorallar frå perioden Silur.

 

 

Fossil av skjell og dyr frå førhistorisk tid
Fossil: Mosen ein ser på dette biletet er no fjerna, så enno meir av fossila er synlege.

Så gjekk det 200 millionar år..

- For 300 til 250 millionar år sidan sprakk jordskorpene i dette området opp, og smeltemasse strømte ut gradvis, omtrent som elver. Det kan ein sjå som gangar av hardare bergartar mellom dei porøse, kalkhaldige bergartane. Desse gangane består no av størkna smeltemasse. Denne typen vulkanske sprekker kan danne rombeporfyr og basalt, sjølv om me ikkje ser desse bergartane på denne staden. Ofte kan ein sjå at kalkfjellet ved sida av slike gangar er «grilla» av den varme smeltemassen. Det er på denne måten kalkstein vert omdanna til marmor.

Vulkansk bergart etter opprensking
Diabasgang: Den vulkanske diabasgangen skil seg klart frå den kalkhaldige biohermen. Diabasgangen er hardare og mindre porøs.

For 10 000 år sidan: slutten på istida

- Den nyaste istida slutta for om lag 10 000 år sidan. Då var det 2000 meter tjukke isbrear over bakken her. Under isbreen rann det iskaldt smeltevatn. Vatnet løyste opp kalken i fjellet, og i dag kan me framleis sjå spylerenner i fjellet her, seier Hans Arne Nakrem.

Spylerenner i fjellet
Spylerenner: Kaldt smeltevatn under isbreen laga spylerenner som framleis er godt synlege i dag.

 


Publisert 30. nov. 2015 14:38 - Sist endret 27. jan. 2016 11:35