Frå Ida til ODa

Men fiskeøglefossilet som er oppkalla etter Oljedirektoratet (OD), får ikkje noko eige artsnavn. I alle fall ikkje enno.

ODa vert gravd fram på Edgeøya. Den karakteristiske blåfargen er naturleg, men blir nesten borte under preparering. Foto: Hans Arne Nakrem, NHM

– Foreløpig har vi nøydd oss med å fastslå at denne fiskeøgla tilhøyrer slekta Phalarodon, utan å knyta den til nokon art.

– Vi meiner det trengst meir data, og det reknar vi med å ha etter to år til med utgravingar, seier professor Jørn Hurum ved Naturhistorisk museum, Universitetet i Oslo (NHM).

Han er kjent som forskaren bak Ida-fossilet, og det er ikkje fyrste gongen han har takka støttespelarar og samarbeidspartnerar med å kalla opp fiskeøgler etter dei.

Vitskapleg krangling

Det var OD som finansierte ekspedisjonen i 2008 der Hurums professorkollega Hans Arne Nakrem grov ut fossilet som seinare fekk arbeidstittelen ODa. Det er det fyrste heile fiskeøglefossilet som er gravd ut på Edgeøya, den tredje største øya på Svalbard.

Funnstaden på Edgeøya.

– Dei fyrste fossila av liknande fiskeøgler vart funne av ekspedisjonar leia av den finsk-svenske polarforskaren Nordenskiöld, i 1864 og 1868 i Isfjorden. Men fordi Edgeøya er så vanskeleg tilgjengeleg, har det ikkje vore gjort systematisk fossiljakt her.

– Før dette fossilet vart funne, fantest berre mindre delar av fossil. Resultatet har vore tiår med vitskapleg krangling, der artar og fossilfragment har vorte flytta inn og ut av slekter og artar, seier Hurum.

Teikning av fiskeøgle frå 1910. Den gongen Mixosaurus, i dag Phalarodon. Ill.: Carl Wiman

Fingerknoklar og ryggvirvlar

Han fortel at slike diskusjoner er ein del av kvardagen når paleontologane skal prøva å rekonstruera økosystem som er hundrevis av millionar år gamle.

– Zoologane berre ler av oss når vi opprettar nye artar på bakgrunn av eitt einaste individ, som ikkje alltid er fullstendig ein gong.

– Men vi er tvungne til å jobba med det vi har tilgjengeleg, og det er som regel mangelfullt. Så det vert å samanlikna fingerknoklar og telja ryggvirvlar, og så vurdera kva som kan skuldast naturleg variasjon innan ein art.

– Å finna eit så fullstendig fossil som ODa er nesten som å vinna i Lotto. Plutseleg har vi eit individ som viser kva ryggvirvlar og fingerknoklar som høyrer saman, seier Hurum.

ODa etter preparering. Fossilet er samanbøygd, med hovudet midt i biletet. Foto: Jørn Hurum, NHM

Grava ut fleire fossil

Han reknar med at ODa vil bidra til å gjera tilhøvet mellom dei tidlegare fossila frå Svalbard klarare, men lovar at det er meir på gang. Han har tidlegare leia åtte utgravningar etter fiskeøgler frå den geologiske perioden jura (ca. 200 mill.–145 mill. år sidan).

– Men i fjor sommar kartla vi ei rekkje fossil i eit rikt område på Svalbard frå trias, perioden før jura og den perioden ODa er frå. I år og til neste år skal vi grava ut fleire av desse fossila.

– Når dei vert beskrivne, vil vi ha kome mykje lenger i kunnskapen om fiskeøglene frå trias på Svalbard, som skiljer seg frå øgler frå same periode frå Nord-Amerika og Europa.

Artikkelen er publisert i Norwegian Petroleum Directorate Bulletin 11/2014.

Denne saka er òg publisert på forskning.no

Jørn Hurum er klar for to nye sesongar med utgravingar på Svalbard. Foto: Atlantic Productions

Av Torstein Helleve, kommunikajonsleiar NHM
Publisert 14. jan. 2015 10:18 - Sist endret 26. feb. 2019 13:13