Valle-meteoritten på plass i Mineralsalen

Finnaren Terje Fjeldheim fekk æra av å plassera Norges 16. meteoritt i sikkerheitsmonteret.

Foto: Torstein Helleve, NHM

Norges 16. meteoritt vart funnen i Setesdal i juni. Den var oppdelt i to store og fleire små delar, og den nest største delen donerte Fjeldheim til Naturhistorisk museum (NHM).

Seinare vart museet og Fjeldheim enige om ein pris for den største biten òg, og i dag vart begge plasserte i sikkerheitsmonteret i Mineralsalen i 2. etasje i Brøggers hus (Geologisk museum).

– Då eg forstod at det var ein meteoritt eg hadde funne, gjekk eg på nettet for å finna ut kven som tok mot slike.

Mest seriøs

– NHM framstod som den mest seriøse mottakaren. Ikkje minst var det viktig for meg at meteoritten dermed vart gjort tilgjengeleg for forskarar og vart registrert som offisiell meteoritt, seier Fjeldheim.

– Eg reknar det òg som ein fordel at norske meteorittar vert samla på ein stad.

Fyrsteamanuensis Rune Selbekk er godt nøgd med at det har lukkast å få begge dei største delane til museet.

Eldkule

– Det er berre Finmarken og Tysnes-meteoritten som er større av dei norske meteorittane. Men ingen har så fine thumbprints som denne, seier han. Thumbprints er område der det er brent bort meir materiale, slik at dei vert ståande att som tommelfingerliknande avtrykk i overflata på meteoritten.

Fjeldheim fekk æra av å setja meteoritten på plass, slik at den kan sjåast av publikum frå i morgon.

I helga vart det observert ei eldkule som antakeleg slo ned nær Ringdalsvatnet nær Odda. Selbekk oppmodar publikum til å kontakta Norsk meteornettverk dersom dei har gjort funn eller har andre opplysningar som kan knytast til funnet.

Terje Fjeldheim plasserer Valle-meteoritten i sikkerheitsmonteret under oppsyn av Rune Selbekk. Foto: Torstein Helleve, NHM

Av Torstein Helleve, kommunikasjonsleiar NHM
Publisert 9. des. 2013 16:01 - Sist endret 19. jan. 2015 17:05