No får dei fyrste Svalbardøglene navn

Etter fleire år med omstendeleg puslespelleggjing er dei fyrste fossila frå Øglegravarane på Svalbard endeleg beskrivne. Navna vert offentleggjorde seinare i vår.

Plesiosaur. Ill.: Tor Sponga, BT

Mange doktorgradsstudentar må nøya seg med ein notis i Aftenposten når doktorgradsarbeidet er ferdig, men for Espen Madsen Knutsen er situasjonen annleis.

I seks år har han vore del av teamet som har gravd ut fiskeøgler og svaneøgler på Svalbard, med dokumentarar på National Geographic Channel, History Channel, BBC og NRK som nokon av høgdepunkta i mediedekninga.

Ny fauna

Men når turistar og TV-team har reist heim og gevær og snubletrådar for isbjørn er stua inn i det siste helikopteret, startar pirkearbeidet med å skilja fossila frå gipskappene dei er støypte inn i og skiferen dei ligg i. Og dette er ikkje det einaste puslespelet forskarane har drive med.

− Det er ein heilt ny fauna vi har oppdaga. Øglene vi har funne, er ikkje funne andre stader. Dei liknar på funn som er gjort i England og Frankrike frå same periode, men er ikkje like, seier Knutsen.

Dermed må forskarane prøva å finna ut korleis dei nye artane føyer seg inn i det evolusjonære puslespelet.

Spesialutgåve til sommaren

Når forskarane oppdagar nye artar, vert beskrivelsane av dei gjeve ut i ein vitskapleg publikasjon. Før det skjer har ikkje forskarane lov til å offentleggjera dei vitskapelge navna.

Knutsen har beskrive fem nye artar som tilhøyrer to nye slekter. Beskrivelsane vert publisert i ei spesialutgåve av Norsk Geologisk Tidsskrift til sommeren.

− Fire av artane er langhalsa plesiosaurer, eller svaneøgler, medan ein er korthalsa. Den eine arten  har 60 virvlar i halsen, det er det meste vi kjenner til hjå svaneøgler frå denne perioden (jura).

Espen Madsen KnutsenEspen Madsen Knutsen under utgravning. Foto: Lena Kristiansen
(Last ned høyoppløst pressefoto − kan brukes fritt mot kreditering)

Den sjette fingeren

Men det mest oppsiktsvekkjande funnet er starten på ein sjette finger hjå svaneøglene.

− Fiskeøglene har ofte fleire fingrar. Nokre artar har så mykje som fjorten fingrar i kvar luffe. Det har vore oppfatta som at dei har vore meir tilpassa eit liv i havet enn svaneøglene.

− Men når vi no ser det som kan ha vore byrjinga på den sjette fingeren hjå svaneøgler òg, kan det vera grunn til å nyansera denne oppfatninga.

Mandarinbåtar

Han understrekar at desse sjette fingrane er såkalla rudimentære, dvs. at dei er ufullstendige og ikkje større enn små mandarinbåtar. Men over millionar av år kan desse mandarinbåtane ha utvikla seg til fullverdige fingrar.

− Problemet med ein ny fauna som dette er at vi gjerne har berre eitt eller to individ av same arten. På Svalbard reknar vi med at ein cm skifer utgjer ca. 2000 år, og artane vi har funne, ligg 10-25 m frå kvarandre i høgdeforskjell.

− Dermed kan vi anslå at dei ligg mellom 2 millionar og 5 millionar frå kvarandre i tid, men vi veit ikkje om dei yngste stammar frå dei eldste, eller om det er snakk om ulike greiner av svaneøgler, seier Knutsen, og nemner eit annan døme:

Reiser nye spørsmål

− Vi har funne langhalsa svaneøgler som har større bakluffer enn framluffer. Det er ofte motsatt hjå tidlegare  funne øgler av denne typen, men fordi vi har så lite data, veit vi ikkje kva det betyr.

− Hadde dei større bakluffer fordi dei levde i ein annan økologi enn mange av dei svaneøglene vi kjenner frå før? Gjorde det dei til raskare symjarar? Eller var dette kanskje noko som endra seg frå ung til vaksen?

Men at utgravingane reiser fleire nye spørsmål, bekymrar ikkje Knutsen.

− Det er den stadige jakta etter svar på nye spørsmål som driv vitskapen framover. Det har vore liv på jorda i milliardar av år, medan det er mindre enn 200 år sidan paleontologien fekk navnet sitt. Vi legg heile tida nye bitar til puslespelet.

Espen Madsen Knutsen og Patrick DruckenmillerEspen Madsen Knutsen og Patrick Druckenmiller (University of Alaska, t.h.). Legg merke til dei snorrette lagdelingane i fjellet i bakgrunnen. Foto: Jørn Hurum, NHM
(Last ned høyoppløst pressefoto − kan brukes fritt mot kreditering)

Denne saka er òg publisert på forskning.no

Av Torstein Helleve, nettredaktør NHM
Publisert 6. feb. 2012 05:00 - Sist endret 25. jan. 2019 19:08