Øglegravarane tok farvel

Feira avslutninga av åtte års utgravingar med vitskapleg seminar, lansering av barnebok, festmiddag og rekordbesøk på Svalbard museum.

Forsida av barneboka "Monsterøglene på Svalbard". Ill.: Esther van Hulsen

Sidan 2004 har frivillige og  forskarar frå fleire land gravd ut øgler frå jura-perioden på Svalbard.

Leia av Jørn Hurum frå NHM har dei lukkast i både å oppdaga fleire tidlegare ukjende artar av marine øgler og å gjennomføra eit av dei beste formidlingsprosjekta Norge har sett.

Det har lenge vore klart at årets ekspedisjon ville verta den siste.

Heidundrande øglefeiring

For forskarane er utgravingane berre den fyrste delen av jobben, sjølve datainnsamlinga. Dei reknar med at det innsamla materialet vil kreva bortimot ti år med preparering og beskriving.

Men Jørn Hurum ville ikkje vore Jørn Hurum om han hadde latt sluttstreken vera SAS-flyet som sende den siste, slitne samlinga med spadesjauarar sørover frå Svalbard i august. Denne helga hadde han invitert tidlegare øglegravarar og andre bidragsytarar til ei heidundrande øglefeiring i Longyearbyen, tre heile dagar til ende.

Fredagen var det lansering av ei spesialutgåve av Norsk geologisk tidsskrift (eller Norwegian Journal of Geology), spekka med artiklar knytt til utgravingane, og lansering av barneboka "Monsterøglene på Svalbard" på Svalbard museum.

Arktisk festmeny

Denne dagen vart det òg kunngjort at dei nye øgleartane har fått navn etter dei frivillige deltakarane, Spitsbergen Travel og tidlegare kunnskapsminister Øystein Djupedal. At bøkene som skulle koma til lanseringa, ikkje rokk fram i tide, vart langt på veg redda av dei utstilde maleria til Esther van Hulsen, henta frå boka.

Dagen etter var det tid for eit vitskapleg seminar der ni av dei atten artikkelforfattarane i tidsskriftet presenterte funna sine. På kvelden var det middag med talar og arktisk festmeny.

På sundagen var det tilbake til Svalbard museum for øgledag, der mellom anna Hurum heldt to foredrag for fullsett sal. Foredraga var retta mest mot barn, for, som han sa, "da skjønner de voksne det også". Museet telte opp 400 besøkjande gjennom helga, eit besøkstal som dei elles berre har når dei store cruiseskipa vitjar byen.

Synleg vemod

Som avslutning var det båttur ut til utgravningsstadene, som mange av øglegravarane òg fekk sjå frå sjøsida for fyrste gong. Og når boklanseringa fyrst hadde gått av stabelen utan bøker, var det kanskje ikkje noko overrasking at det heller ikkje var nordlys å skimta under det som var annonsert som nordlyscruise.

Sjølv om det var med synleg og uttalt vemod øglegravarane tok farvel med kvarandre for siste gong, var alle samde om at det hadde vore ein fin tur.

Utvalde øglegravararDei frivillige som har fått øgler oppkalla etter seg er markerte med raud ring. Frå venstre: Stig Larsen, Magne Høyberget, May-Liss Funke, Tommy Wensås, Øyvind Enger, Bjørn Funke og Lena Kristiansen (framme). Dei ufrivilllige, frå venstre: Espen Madsen Knutsen, Bjørn Lund, Pat Druckenmiller og Jørn Hurum. Foto: Jørn Hurum, NHM/UiO

Sjå òg

«Monsterøgle» oppkalt etter Øystein Djupedal - Dagbladet, 12. okt. 2012
Innslag om barneboka på Kveldsnytt - frå 8.20-10.00 i minutt
...og ein nesten lik versjon på Supernytt - frå 6.35 minutt

Av Torstein Helleve, nettredaktør NHM
Publisert 16. okt. 2012 19:02 - Sist endret 26. sep. 2014 09:47