– Vanskeleg å forutsjå kva artar som treng vern

Lange tidsseriar med DNA frå arktisk permafrost har gitt nye hint om kvifor mammuten døydde ut, og at det framleis – som venta – er vanskeleg å spå om framtida.

Foto: Per Møller, Lunds universitet

– Hadde eg for 20 000 år sidan site i ein komité som skulle vurdera kven i Nord-Europa som mest trong vern av reinen eller moskusen, ville eg ha tilrådd vern av reinen, seier professor Eske Willerslev frå Københavns Universitet.

I staden var det moskusoksen som forsvann frå Eurasia då den siste istida slutta for rundt 10 000 år sidan. Arten overlevde berre i Nord-Amerika og på Grønland, medan reinsdyra derimot som kjent klarde seg godt.

Saman med forskarar frå mellom anna Naturhistorisk museum (NHM) ved Universitetet i Oslo har Willerslev analysert DNA-prøvar frå jordsmonnet frå mange ulike stader rundt heile Arktis.

Æresdoktor

– Studiane strekkjer seg over 50 000 år, lenger enn nokon andre tilsvarande studier. Men sjølv med så lange tidsseriar er det vanskeleg å gå inn på eit gitt tidspunkt og forutsjå kva artar som har best sjansar for å overleva.

– Det er ingen grunn til å tru at det er annleis i dag. Så i staden for å laga verneplanar for enkeltartar, burde vi kanskje heller ta sikte på å verna heile leveområde, sa Willerslev.

Utsegnene kom under eit seminar ved NHM i førre veke, arrangert i samband med at Willerslev vart utnemnd til æresdoktor som ein del av 200-årsjubileet til museet.

Endra vegetasjon etter istida

Willerslev er ein leiande utviklar av metodar for å henta ut kunnskap av gammalt DNA, såkalla aDNA («ancient DNA»).

Han vekte sist internasjonal oppsikt i februar då DNA-analysane av det arktiske jordsmonnet ikkje berre bekrefta at masseutryddinga av store pattedyr etter siste istid skuldast endringane i klimaet, men òg korleis dette hadde skjedd.

– Biomangfaldet vart naturleg nok redusert under istida. Men analysane våre viser at då istida slutta, var det ein annan type vegetasjon som dominerte, med mykje meir gras.

Eske Willerslev er ein leiande utviklar av metodar for å henta ut kunnskap av gammalt DNA. Foto: Unni Irmelin Kvam, NHM

Åtvaring i dag

Mageinnhaldet og avføringa til dei store planteetarane viste at kosten deira i hovudsak var proteinrike og lett fordøyelege urter som ikkje tilhøyrer grasfamilien.

Dette var plantar som skjermplantar, korgplantar, erteplantar som mjelt, harerug, skrubbær, maure, forglemmegei, skogstjerne, mure, primula, og mange fleire. Når desse plantane måtte vika plass for grasplantar etter siste istid og blei mindre vanlege, døydde dei store planteetarane ut. Og dermed forsvann òg dei store beitedyra som jakta på dei.

– Dette må vi ta som ei åtvaring i dag: sjølv om vi klarer å bremsa den globale oppvarminga, er det ikkje gitt at vi kan reversera dei økologiske endringane som har oppstått, slo Willerslev fast.

Pelsjeger

I likheit med tvillingbroren Rane, som var direktør for Kulturhistorisk museum i Oslo frå 2011 til 2013, er Eske Willerslev fargerik og frittalande.

Han har vore pelsjeger i Sibir, og er adoptert som medlem av Crow-stamma i Montana, USA, under navnet «Velkjente ulv». Adopsjonen kom som fylgje av arbeidet hans med å kartleggja mennesket si kolonisering av  Amerika og andre stader.

Men det var altså ikkje istidsmenneska som utrydda mammuten.

Denne saka er òg publisert på forskning.no og på framtida.no


Av Torstein Helleve, kommunikasjonsleiar NHM
Publisert 4. sep. 2014 15:03 - Sist endret 27. okt. 2017 13:13