Forskingsministeren vitja NHM på Forskingstorget

Tora Aasland. Foto: Hans Jørgen Berg, NHM

Var blant rundt 3 500 som kikka innom museet sin stand i løpet av dei to dagane Forskingstorget varte.

− Vi er veldig nøgde med besøkstalet, seier universitetslektor Einar Strømnes, som koordinerte arbeidet med NHM sin stand.

− Vi sette opp standen med tanke på at det skulle vera lett å sirkulera, og at folk ikkje skulle gå i vegen for kvarandre når dei gjekk inn eller ut. Til saman anslår vi at rundt 3 500 var innom, fortel han.

På standen kunne nysgjerrige ta norske edelsteinar nærare i augesyn, og mange viste interesse for samlinga av aloeplantar som stod oppstilt langs den eine veggen.

− Men det var kanskje dei som fordjupa seg i plansjane om solsystemet og meteorittar som brukte mest tid, seier Strømnes.

Storfint besøk var det òg på fredagen. Tora Aasland, minister for forsking og høgare utdanning, hadde valt ut NHM si bod som ei av dei fire ho ville besøkja. Ho kom i fylgje med prorektor ved UiO Inga Bostad og adm.dir. i Forskingsrådet Arvid Hallén.

Radio Norge hadde også innslag fra standen.

Alle foto: Hans Jørgen Berg, NHM


NHMs stand


Barn studerer aloeplanter


Inga Bostad, Tora Aasland og Arvid Hallén hilser på Charlotte Bjorå, NHM


Aasland og Bjorå


Intervju med Radio Norge


Forskningsrtorget langs Karl Johan

Av Torstein Helleve
Publisert 28. sep. 2011 18:09 - Sist endret 8. des. 2019 10:38