Nybygg for samlingar og utstillingar på Statsbudsjettet

Planleggjing av nye magasin, utstillingsområde og renovering av NHM er kome med i Statsbudsjettet.

Naturhistorisk museum (NHM) har i lang tid hatt stort behov for meir lagringsplass for dei vitskaplege samlingane. Kapasiteten i museumsbygningane i Botanisk hage er sprengt, og løysinga har vore å leiga midlertidige lokale andre stader. I løpet av hausten tek museet i bruk nye leigde lokale på Økern, men desse er òg midlertidige.

NHM ynskjer derfor å byggja eit nytt tverrbygg mellom dei to bygningane som i dag husar Geologisk museum og Zoologisk museum.

Etterslep på 776 årsverk

– Eg er svært glad for at tverrbygget no er kome med i statsbudsjettet. Så tidleg i prosessen fylgjer det jo ingen direkte løyvingar med. Men det at tverrbygget er nevnt saman med prosjekt under prosjektering viser at departementet er klar over og tek på alvor den prekære situasjonen vår, seier direktør Arne Bjørlykke.

Dei vitskaplege samlingane er sjølve grunnlaget for både forskinga og utstillingane ved NHM. Trass dette har plassmangel og manglande midlar til vedlikehald ført til at NHM i 2009 rekna med eit etterslep på 776 årsverk for å setja samlingane i den standen ein ynskjer.

– Det er klart at dagens situasjon er eit resultat av manglande løyvingar over lang tid, seier Bjørlykke.

Arne Bjørlykke

– NHM treng meir magasinplass, konstaterer Arne Bjørlykke.

Kunnskapsarv og kulturarv

– Men eg synest ikkje vi skal svartmala dagens situasjon, og heller sjå framover for å sjå korleis den kan løysast. Sjølv om det står att mykje, har vi gjennom det såkalla REVITA-prosjektet i alle fall kome i gang med å henta inn etterslepet.

– Og no kan det altså sjå ut som vi kan få tverrbygget på plass om nokre år. Eg kan ikkje få understreka nok kor viktig tverrbygget vil vera for at vi skal løysa samfunnsoppgåva vår på ein tilfredsstillande måte. Nasjonalarven som vi tek vare på er både ein kunnskapsarv og ein kulturarv, slår Bjørlykke fast.

Men tverrbygget skal ikkje berre gje sårt tiltrengt magasinplass til samlingane, publikum skal òg få sitt.

– Vi er med god grunn stolte av dei staselege museumsbygningane på Tøyen, seier Bjørlykke.

Gjennomsiktige veggar

– Men det er ikkje til å kome frå at i dei hundre åra som har gått sidan dei vart reiste, har mykje endra seg. Det gjeld både publikum sine forventingar og måten museet vert brukt på, ikkje minst av skulen.

– Vi er òg i ferd med å planleggja nye faste utstillingar, der vi skal auka forståinga av samanhengane i naturen, korleis biologi og og geologi påverkar kvarandre. Eit tverrbygg som bind bygningane saman vil støtta opp under denne heilheitstenkjinga, trur Bjørlykke.

Han ser for seg at publikum kan koma nærmare inn på samlingane ved at veggane mellom publikumsareala og samlingane vert gjort gjennomsiktige.

– Slik gjer dei det ved Darwinsenteret i London. Forgjengaren min, Elen Roaldset, sa gjerne at for forskarane er det samlingane som er det viktigaste ved museet, for publikum er utstillingane det viktigaste.

– Når publikum får ein gløtt inn i det som skjer bak kulissane, får dei betre innblikk i dei ”usynlege” aktivitetane ved museet – og kanskje har det ein positiv effekt andre vegen òg, humrar han.

Utsikt mot Zoologisk museum og Geologisk museumTverrbygget er førebels planlagt mellom dei nordlige endane (lengst bort på biletet) av Zoologisk og Geologisk museum.

Av Torstein Helleve
Publisert 18. okt. 2010 13:40 - Sist endret 8. des. 2019 10:38