2500 såg Doktor Proktor-utstilling fyrste helga

Utstillinga med fantasidyr frå Jo Nesbø sine bøker om Doktor Proktor lokka mange til Naturhistorisk museum fyrste helga etter opninga.

- Vi hadde 917 besøkjande på laurdagen, og 1607 på sundagen. Dette er veldig bra besøk, fastslår driftsleiar Gunnar Johansen.

- Det når ikkje heilt nivået frå Ida-lanseringa, der 3000 besøkte NHM fyrste helga. Men så frykteleg langt uinna er det heller ikkje, seier han. Johansen fortel vidare at mange har kjøpt Doktor Proktor-bøker, slik at det har òg vore bra omsetning i butikken.

Tredje og siste - eller kanskje ikkje?

- Som eit forsøk tok vi inn nokre lydbøker av bøkene, og dei vart borte på eit blunk, seier han.

Jo Nesbø lanserte ”Doktor Proktor og verdens undergang. Kanskje.”, med høgtlesing og utstillingsopning onsdag. Dette er den tredje boka om doktor Proktor og venene hans, og i Dagbladet før helga antyda Nesbø at det likevel ikkje er sikkert at dette vert den siste, slik han opphavleg hadde tenkt.

SFO i haustferien

Seksjonsleiar Cecilie Webb er svært nøgd med besøkstala, men understrekar at målet med utstillinga ikkje berre er å trekkja folk til museet.

- Vi ynskjer jo at fantasidyra kan gje utgangspunkt for spørsmål og samtalar rundt den verkelege naturen, og har m.a. eit eige undervisningsopplegg rundt utstillinga, retta mot skulen.

- Og vi tek gjerne mot besøk frå SFO i haustferien, smiler ho.

Les meir om utstillinga "Doktor Proktors sensasjonelle samling av D.D.S.Ø.I.F"

Bilete frå opninga

Utstillinga vart opna onsdag av Jo Nesbø og museumsdirektør Arne Bjørlykke, med inviterte skuleborn frå Lilleaker og Kampen. Alle foto: Ulla Schildt, NHM

Jo Nesbø og Arne Bjørlykke

Bilete frå utstillinga

Bilete frå utstillinga

Bilete frå utstillinga

Bilete frå utstillinga

Bilete frå utstillinga

Jo Nesbø med barn

Av Torstein Helleve
Publisert 4. okt. 2010 12:40 - Sist endret 17. apr. 2018 15:50