”Ida” tilbake der det starta

Bildet kan inneholde: reptil, slange, skalert reptil, terrestrisk dyr, amfibie.

Dei to delane av fjorårets mest omtalte fossil er utstilte saman for fyrste gong. Det skjer i Senckenberg-museet i Frankfurt, ikkje langt frå der fossilet vart funne.

- ”Ida” var bevart i oljerik skifer, eit steinslag som lett deler seg lagvis. Under utgravinga vart fossilet splitta i to, forklarar Jørn H. Hurum ved Naturhistorisk museum (NHM) ved Universitetet i Oslo.

Den høgre og best bevarte sida var skjult for omverda heilt fram til mai 2009. Den venstre sida vart preparert og selt til eit privat museum i Wyoming i 1991. Men dei fekk ikkje det dei betalte for.

Forfalsking avslørt
- Under prepareringa av denne plata vart deler av fossilet forfalska for at det skulle sjå meir komplett ut, kanskje med den meir komplette plata som modell. Forfalskinga vart avslørt av Jens L. Franzen i 2000, fortel Hurum.

Habersetzer og FranzenJörg Habersetzer (t.v.) og Jens Franzen.

Franzen er tilknytt Senckenberg-museet i Frankfurt, som no er det fyrste museet i verda som stiller ut dei to delane samstundes.

Messel-gruva
Ved same museet arbeider òg Jörg Habersetzer. Dei var begge medforfattarar på den opphavlege vitskaplege artikkelen om ”Ida”.

- Fossilet vart funne i Messel-gruva like ved Frankfurt, så det er passande at det er der dei to delane fyrst vert stilt ut i lag, seier Hurum.

Nøyaktig kopi
”Ida” skal gjesta Frankfurt i ein månads tid. I tillegg til at fossilet vert vist fram for publikum, skal Senckenberg-museet ta nye tomografiopptak av skjelettet og laga ein animasjonsfilm som viser korleis ”Ida” bevega seg rundt i trea.

Når fossilet no er i Frankfurt, skulle ein kanskje tru at plassen hennar på Tøyen stod tom. Men det gjer den ikkje.

- Originalen er i Frankfurt, og så lenge den er der, stiller vi ut ein nøyaktig kopi i staden for. Så nøyaktig er den at den vert brukt av forskarar som ikkje har tilgang til det ekte fossilet. Berre ekspertar kan sjå forskjell.

Les meir:
Die zwei Gesichter von Großtante „Ida“ (Frankfurter Allgemeine)

Denne artikkelen er òg publisert på forskning.no

Dei to delane av IdaIdas to ansikt: til venstre den best bevarte delen, som tilhøyrer NHM. Dei originale delane er ringa inn på delen til høgre, resten er forfalska. Foto: PLoS One

Av Torstein Helleve
Publisert 3. feb. 2010 08:44 - Sist endret 3. aug. 2022 19:28