Fant fossilskatt ved fotballbane

Bildet kan inneholde: anlegg, natur, naturlige omgivelser, tre, naturlig landskap.

Utsikt mot skråninga med fossila. Foto: Hans Arne Nakrem

Eldsjelene i Slemmestad Idrettsforening fjerna jord og kratt for å utvida tribunen til fotballbanen sin. Dei avdekka Norges største samling av fossile blekksprutar. Sjå TV-innslaget frå NRK!

Denne saka er òg publisert på forskning.no

− I norsk og skandinavisk samanheng er det få, om nokon, funn som kan måla seg med dette. Det gjev oss paleontologar sjansen til å læra meir om livet i havet for 465 millonar år sidan, seier ein begeistra Hans Arne Nakrem, professor ved Naturhistorisk museum ved Universitetet i Oslo.

I fjor starta Slemmestad IF arbeidet med nytt idrettsanlegg, med fotballbanar for sjumannslag og ellevemannslag, løpebane for friidrett og tribune.

Men då dei hadde fjerna vegetasjon og jord frå skråninga der tribunen var planlagd, fekk dei ei overrasking. Overflata av steinen som dukka fram var dekt av fossile blekksprutar, tett i tett.

Delt i fleire kammer

− På den tida desse blekksprutane levde, i ordovicium, fantest det ikkje dyreliv på land, berre dei fyrste plantane. Alle dyr som fantest, var i havet, fortel Nakrem.

Desse blekksprutane hadde eit hardt kalkskal som var forma som kremmarhus, og med ein eigenskap som gjer dei svært nyttige for paleontologane.

Utsikt frå skråningen mot fotballbanenGeologar og fotballeiarar på befaring i skråninga. Foto: Hans Arne Nakrem

− Kroppen til blekkspruten var delt opp i fleire kammer. Det gjekk eit røyr gjennom kroppen, som knytte dei ulike kamra saman. Dette røyret heiter sifo. Sifoen låg på den eine sida av kroppen, og denne sida var tyngre enn resten, forklarar Nakrem.

Låg sør for ekvator

− Så når blekkspruten døydde og skalet sokk til botnen, havna det som regel med sifoen ned.

Det som gjer dette så nyttig, er at dei ulike laga i Oslo-feltet har vorte skuva på, klemt saman og av og til snudd på hovudet. Men sidan blekksprutfossila som regel havnar med sifoen ned, kan paleontologane lett fastslå kva som var opp og ned i ordovicium.

Den gongen låg Oslo-området sør for ekvator, og var dekt av eit hav som strekte seg aust til Moskva. I dette havet levde det nokre dyr som heiter trilobittar og konodontar saman med blekksprutane.

Honnør til fotballklubben

Ved å samanlikna fossil frå Slemmestad av desse dyra med liknande fossil frå Sverige, Estland og Russland, har Nakrem og kollega Øyvind Hammer fastslått alderen på funnet i ein artikkel i tidsskriftet GEO, som kjem i desse dagar.

Nakrem gjev honnør til Slemmestad IF for samfunnsansvaret dei har vist ved å melda frå om funnet.

− Altfor ofte ser vi at naturminne av denne typen vert øydelagde, enten av rein kynisme eller fordi folk rett og slett ikkje veit betre. Men her har dei lokale kreftene vore vakne nok til å skjøna kva som skulle gjerast, rosar Nakrem.

− No må forskarmiljø, idrettslag og styresmakter koma saman og finna ut korleis funnet best kan bli bevart og forvalta, slik at vi best mulig kan møta dei ulike interessene.

NRK1 viste innslaget nedanfor tysdag 21. desember, som ein del av programmet "En naturlig helaften".

Fossil blekksprutFossile blekksprutar. Kamra er tydelege på begge. Hjå den nederste er òg sifoen lett å sjå, den strekkjer seg gjennom nedsida av den bakerste halvdelen. Foto: Hans Arne Nakrem

Fossile blekksprutarHer har fleire blekksprutar blitt delt på tvers. Halvmåneformene er skalet, rundingane er sifoen. Foto: Hans Arne Nakrem

Av Torstein Helleve
Publisert 21. des. 2010 05:00 - Sist endret 3. aug. 2022 19:19