Reagerer på sterkt lys

Blada til ein spesiell type afrikanske hyasintar har raude flekker som vert kraftigare når dei får mykje lys. Forskarane er usikre på kvifor.

- Vi dyrka fram klona plantar av denne hyasintslekta, som heiter Ledebouria, under ulike lystilhøve, og med forskjellig tilgang på nitrogen, fortel Elizabeth Mfawongo, som nyleg tok doktorgraden ved Naturhistorisk museum (NHM) ved Universitetet i Oslo.

Nokre av plantane utvikla kraftigare flekkar når lyset var meir intenst. Så då skulle ein kanskje tru at flekkane beskyttar mot sterkt lys.

LedebouriaLedebouria. Dei raude flekkane kan vera ei form for kamuflasje. Foto: Brita Stedje

Vanskelegare å kjenna att

- Vi var inne på den tanken. Men hjå nokon av plantane var flekkane på undersida av blada, og der er jo ikkje behovet så stort, smiler Mfawongo.

No trur ho at dei raude flekkane kanskje kan vera ei form for kamuflasje.

- Ledebouria blømer i byrjinga av regntida, og det er det ikkje så mange andre plantar som gjer. Dermed vil det vera ein fordel å ikkje bli sett av planteetande dyr og insekt. Flekkene bidrar kanskje til at det vert vanskelegare å kjenna att omrisset av planten, seier ho.

Mat og medsin

Mwafongo har òg forska på slektskapstilhøva til ulike slekter hyasintar.

- Vi brukte DNA-teknologi som supplement til tradisjonelle metodar som studier av utsjånaden og smanliknande dyrkingsforsøk. Men sjølv om blada til plantane tilsynelatande var like, gav ikkje DNA-undersøkjingane oss grunnlag for å fastslå at dei var nært beslekta.

Plantane i hyasintfamilien har løk, blad i rosett og mange, små blomar i ein klase. Nokre vert dyrka, mest som prydplantar, men nokre vert òg brukte til mat eller medisin.

Elizabeth MfawongoElizabeth Mfawongo.

Fyrste skriftlege flora

Under arbeidet med doktorgraden har Mwafongo pendla mellom Tøyen i Oslo og heimlandet Malawi.

- Malawi utgjer saman med Botswana, Moçambique, Zambia og Zimbabwe utgjer ein floraregion i det sørlege Afrika. Det tyder at plantelivet her kan samlast og skildrast i den same floraen.

- Brita Stedje frå NHM, som var rettleiaren på avhandlinga mi, leiar no arbeidet med å revidere hyasintfamilien for denne floraen som vert den fyrste skriftlege floraen for området. Arbeidet mitt vert eit bidrag inn i den større samanhengen, seier Mfawongo, som no skal tilbake til arbeidet sitt ved Malawis nasjonale herbarium.

Denne saka er òg publisert på forskning.no

Av Torstein Helleve
Publisert 10. des. 2009 00:00 - Sist endret 5. aug. 2020 07:28