Månemeteoritt og monsterøgle på Geologiens dag 2009

Den største månemeteoritten ein kjenner, ein kopi av Ida og ei svær oppblåst monsterøgle er blant attraksjonane når Geologiens dag går av stabelen på Universitetsplassen laurdag.

- Denne, seier fyrsteamanuensis Rune Selbekk og held fram ei spetta steinskive.

- Denne har ein spesiell historie.

Steinskiva han held i handa har vore ein del av månen, men den har kome til jorda via ei anna rute enn steinprøvene som ulike astronautar tok med seg på syttitalet (ein av desse steinane kan for øvrig òg sjåast på NHM).

Avansert kosmisk biljard

- Det som har skjedd, er dette: fyrst har ein større meteoritt treft månen. Det har vore ein samanstøyt så kraftig at månemateriale har blitt kasta så langt opp og ut at det har rive seg laus frå månen sitt gravitasjonsfelt. Det har blitt slynga i retning av Jorda, og steinen har vore stor nok til at den ikkje har brunne opp i atmosfæra.

Rune Selbekk viser fram månemeteorittenIkkje stor, men størst likevel: Rune Selbekk viser fram månemeteorittskiva.

- Så har den unngått dei sju tidelane av Jorda som er dekt av vatn og landa på land. Til slutt har den blitt funnen av ein som har kjent den att som det den er. Det er ganske mange brikker etter kvarandre som har falle på plass.

- Det er avansert kosmisk biljard, humrar Selbekk, som koordinerer Geologiens dag på Austlandet saman med Anne Birkeland, òg frå NHM.

Det er fyrste gongen meteorittskiva vert vist fram for publikum. Seinare vert den å sjå på Geologisk museum på Tøyen.

Apollo-prøvar

Skiva er ein del av den største månemeteoritten som nokon gong er funne. Den vart oppdaga i 1998 ved Dar al Gani i ørkenen i Libya. Funnstaden har gjeve navn til meteoritten, som ber navnet DAG 400 og vog 1425 gram då den vart funnen.

For eit par veker sidan kom historien om det nederlandske nasjonalmuseet som stilte ut ein forsteina trebit i den tru at det var ein månestein. Selbekk forsikrar at NHM ikkje har gått i same fella.

- He he, nei, dette er vi sikre på. Vi ser det mellom anna av at den kjemiske samansetjinga av steinen stemmer overeins med prøvene som Apollo-astronautane hadde med. Vi veit òg at den er 3,7-3,8 milliardar år gammal.

Naturkatastrofar og byvandring

Men månemeteoritten er ikkje det einaste Geologiens dag kan lokka med. Ein kopi av det verdskjende fossilet Ida vert vist fram, og ingen som ferdast i den delen av Karl Johan på laurdag vil kunna oversjå den 15 meter lange og fire meter høge oppblåsbare monsterøgla.

Det vert konkurransar, fossilgraving for dei små, stein- og fossilkontroll, naturkatastrofar, byvandring og populærvitskaplege foredrag.

- Alle aldersgrupper vil finna noko av interesse på Universitetsplassen laurdag, smiler Selbekk.

Månemeteoritten DAG 400- Ut frå samansetjinga trur vi at DAG 400 kjem frå baksida av månen, seier Rune Selbekk. Foto: NHM

Av Torstein Helleve
Publisert 8. sep. 2009 00:00 - Sist endret 27. okt. 2017 13:14