UiO krev 300 mill. til rehabilitering
UiO krev at regjeringa løyver 100 millionar kroner i året til rehabilitering av bygningar frå 2013 til og med 2015. Det første året skal pengane brukast på Zoologisk museum og Geologisk museum på Tøyen.
Universitetsstyret vedtok dette i går, og grunngjev kravet med at UiO kkje sjølv lenger har høve til å forsera framdrifta når det gjeld finansieringa av desse prosjekta. Byggjekostnadene vil koma på 250 millionar kroner for Zoologisk museum og 200 millionar kroner for Geologisk museum.
– Vi er svært glade for at styret ser behovet for at bygningane på Tøyen må prioriterast, kommenterer museumsdirektør Arne Bjørlykke.
UiO ber òg om 30 mill. kroner i oppstartsløyving for det nye veksthuset i revidert statsbudsjett for 2012.
Les heile saka i Uniforum
Universitetsstyret sitt budsjettforslag