print logo

Sparebankstiftelsen gjev 3 millionar til Veksthuset

- Utruleg moro, seier prosjektleiar Finn Ervik etter at Sparebankstiftelsen DnB NOR har gjeve tre millionar kroner til den arktiske utstillinga i det nye Veksthuset. Utstillinga vert unik internasjonalt.

- Naturhistorisk museum er veldig glade for denne gåva, seier Finn Ervik, som er prosjektleiar for det nye utstillingsveksthuset ved NHM.

- Vi har jo fått mykje støtte til byggeprosjektet, men dette er den fyrste gåva som går til utstillingane.

Unik internasjonalt

Sparebankstiftelsen DnB NOR er den nest største eigaren av finanskonsernet DnB NOR, og det er utbytet frå desse aksjane som vert forvalta og gjeve som bidrag til almennyttige formål av stiftinga.

Sparebankstiftelsen DnB NOR

- I praksis vert storleiken på gåva 3,75 mill., som ein fylgje av gåveforsterkingsordninga til Staten, seier Ervik.

Pengane skal gå til arktisk avdeling, som vert unik i internasjonal samanheng ved at den vil vera utan dagslys, og med eit klima som er 100 % kontrollert.

Finn Ervik

– Utruleg morosamt, strålar Finn Ervik. Foto: Per Aas, NHM

Formidlingsrom

- I naturen kviler desse plantane i ni til ti månadar i året, for så å ha ein intens blømingsperiode under midnattssola. Men dei kan la seg lura til ein kortare vinter og mindre intens sommar.

- Dermed kan vi få til to sesongar i året, som vi vil leggja til våren og hausten, forklarar Ervik.

I tilknyting til den arktiske utstillinga er det òg planlagt eit formidlingsrom, der skuleklassar og andre besøkjande kan få vita meir om Arktis og forskinga som vert gjort der.

- Vi planlegg fem ulike klimasoner i Veksthuset, men den arktiske vert kanskje litt ekstra spesiell for NHM, sidan den arktiske forskinga er så sentral her. Både botanikarar, zoologar og geologar driv forsking, ofte oppsiktsvekkjande forsking, i dette området.

Av Torstein Helleve
Publisert 25. okt. 2010 00:00 - Sist endret 16. feb. 2012 17:55