print logo

− Høgsterett godtek hærverk på naturminne

Høgsterett har avvist anken frå påtalemakta etter at ein grunneigar på Malmøya vart frikjend for ulovlege inngrep i den freda naturen. Paleontolog Hans Arne Nakrem er svært skuffa.

− Eg vart vel mest overraska over frikjenninga i byretten i vår. No er eg meir oppgitt enn egentlig overraska, sukkar Nakrem, professor ved NHM.

Grunnen er at retten etter hans meining har oversett soleklare fotografiske bevis for at det er gjort inngrep.

Ferskt inngrep

− Malmøya vart freda i 1979, og eg innser at det i nokre tilfelle kan vera vanskeleg å avgjera hinsides tvil om eit inngrep er gjort før eller etter fredinga skjedde.

− Men sjå på dette dømet her, eit bilete som er teke i 2005. Ein treng ikkje universitetsutdanning for å sjå at dette inngrepet er rimeleg ferskt. Einkvar tiåring som har vore på bilferie i Norge vil kjenna att dette frå nyleg anlagte vegskjeringar.

− Men retten meiner altså at dette er 25 år gammalt. Nakrem ristar oppgitt på hovudet.

− Byretten har òg gjort eit poeng ut av at det ikkje er klart kva verktøy som har vore brukt her, om det er piggmeisel eller spett. Som om det skulle ha noko å seia! Inngrepet er jo like ulovleg uavhengig av kva verktøy som er brukt.

Hans Arne Nakrem

Hans Arne Nakrem er uroleg for konsekvensane av at frikjenninga vert ståande. Foto: Per Aas, NHM/UiO.

Konsekvensar

Etter at grunneigaren vart frikjend i vår, har saka vore anka både til lagmannsrett og altså no til Høgsterett, men avvist begge stader.

− Eg veit ikkje kva vurderingar dei ulike rettsinstansane har gjort. Kanskje har saka vore for dårleg førebudd, eller dei har ikkje syntest den var viktig nok, seier Nakrem.

Han er oppteken av kva konsekvensar dommen kan få.

− Dette er den fyrste saka påtalemakta i Oslo har teke ut mot denne typen miljøkriminalitet.

− Då skulle ein jo tru at dei ville satsa på ei sak som skulle vera solid nok til å få ein fellande dom.

Kritisk til tolkinga

− Når retten likevel avviser den, fryktar eg at det skal svært mykje til før dei brukar ressursar på ei liknande sak, seier han.

− Og når ein tenkjer på dei mange hundre, kanskje tusenvis av arbeidstimar som har blitt nedlagt av fagfolk og offentlege etatar i samband med fredinga av Malmøya, kan ein nesten vera frista til å undra på om desse ressursane ikkje kunne vore brukt på ein betre måte, spør han retorisk, men understrekar at det er retten si tolking av fredingsvedtektene han er kritisk til, ikkje sjølve fredinga.

− Det vil vera å gå for langt å seia at eg har mista tillita til rettsapparatet. Men eg har nok fått eit innblikk i enkelte sider av det som eg godt kunne vore forutan.

Denne saka er òg publisert på forskning.no

Bilete av inngrepet på Malmøya− Alle kan vel sjå at desse inngrepa ikkje er 25 år gamle, seier Hans Arne Nakrem oppgitt. Foto: Jon Markussen, Fylkesmannen i Oslo og Akershus.

Av Torstein Helleve
Publisert 17. des. 2010 00:00 - Sist endret 16. feb. 2012 16:42