Dei zoologiske samlingane

Samlingane i zoologi omfattar meir enn 2 millionar objekt, men det er berre ein veldig liten del av desse som er med i utstillingane. Det meste er oppbevart i dei vitskapelege samlingane som omfattar typemateriale, beleggsmateriale frå systematisk forsking, referansemateriale frå økologisk forsking, og anna biologisk dokumentasjonsmateriale. Mange av objekta i desse samlingane har ein uvurderleg verdi - ikkje berre for vårt museum, men også for den internasjonale forskinga i systematikk og dyregeografi.

Noko av det mest verdifulle i samlingane våre er eit typeeksemplar av dyr frå inn- og utland. Typemateriale er eit unikt grunnlagsmateriale for skildring av artar, og har kome til museet gjennom museet si eiga forsking, gjennom innsamlingar, ekspedisjonar og som gåver.

Til saman er dei vitskapelige samlingane ein føresetnad for oppretthalding av forskingsdisiplinane taksonomi, systematikk og dyregeografi. Materialet gir også grunnlag for studiar av langsiktige naturhistoriske forandringsprosessar, naturlige, så vel som menneskeskapte. Ein kan ofte ikkje på førehand seie kva slags meining samlingane vil få i denne samanhengen, men det finnast fleire eksempel på at museumsmateriale har gitt verdifull kunnskap om endringar i naturen som ein elles hadde hatt vanskeleg eller ikkje kunne ha skaffa seg innsikt i.

Dei fleste objekta i den vitskapelege samlinga er ordna systematisk, dyregruppe for dyregruppe. Av praktiske grunnar er dei systematiske samlingane ofte delt i ein norsk og ein utanlandsk del. I tillegg inneheld samlingane ein del materiale som ikkje er bestemt til art, eller barre bestemt til eit overordna taksonomisk nivå. Slikt materiale skriv seg ofte frå større prosjektinnsamlingar. Dei kan likevel vera av stor vitskapeleg verdi.

I zoologi er objekta organisert i 8 ulike samlingar, kvar av dei med ein eller fleire konservatorar:

Publisert 19. jan. 2009 07:47 - Sist endret 2. juli 2018 13:46