På jaguarmerking i Amazonas

I mange år har Øystein Wiig ved NHM merka isbjørn i Arktis. No har han besøkt jaguarforskarane i indre deler av Brasil for å sjå korleis dei gjer det.

Frå venstre: Øystein Wiig, Tarcizio Paula og Ronaldo Morato. Foto: Øystein Wiig, NHM

Jaguar!

Klokka er 22, og professor Øystein Wiig har saman med professor Tarcizio Paula sjekka radioen for signal frå jaguarfellene dei aktiverte i ettermiddag langs breidda av Rio Paraguay i det store våtmarksområdet Pantanal vest i Brasil. Kvar felle har ein radiosendar som vert slått på når fella vert utløyst, og no har det skjedd.

I to båtar susar dei nokre kilometer nedover elva. Sjølv med ein stjerneklar himmel er det lite å sjå i mørkret. Då dei kjem fram til staden der fella er, må båten til Wiig venta til det trena mannskapet har bedøvd jaguaren.

Flotte dyr

Det heiter seg at leoparden ikkje kan forandra flekkane sine, og det same gjeld jaguaren. Kvart individ har eit mønster som er unikt. Det er derfor ikkje nødvendig å bruka øyremerkje eller tatovering for å kjenna eit dyr att, slik Wiig er van med å gjera når han merkjer isbjørn.

Men den seks år gamle jaguarhoa som har gått i fella, har fått eit elektronisk merke under huda så ho kan kjennast att når ho vert fanga inn igjen.

– Det er fantastisk å få oppleva så flotte dyr på nært hald, seier Wiig, men han er der sjølvsagt ikkje berre for å beundra den lokale faunaen.

Jaguarfelle utan jaguar. Foto: Øystein Wiig, NHM

Norsk Hydro

Saman med fleire kollegar ved Naturhistorisk museum (NHM) ved Universitetet i Oslo deltek han i prosjektet «Biologisk mangfold i Amazonas», saman med tre brasilianske universitet og delvis finansiert av Norsk Hydro.

Norsk Hydro kjøpte for tre år sidan ei bauxittgruve i Paragominas-området som ligg i Amazonas nordaust i Brasil, omtrent på motsett kant frå Pantanal. Som ein del av miljølisensen frå myndigheitene er dei forplikta til å redusera tap av biomangfald. Amazonas-prosjektet, som det vert kalla, skal mellom anna undersøkja kor stor effekt tiltaka deira har.

– Min del av prosjektet er å kartleggja dei større pattedyra her som er raudlista, med unntak av flaggermus og apar. Eg tok kontakt med dr. Ronaldo Morato som leiar jaguarforskinga ved det nasjonale rovdyrsenteret i Brasil, i fyrste omgang for å knyta kontaktar. I tilfelle det vert aktuelt å merka jaguarar i vårt prosjekt, er vi avhengige av å samarbeida med brasilianske ekspertar.

Vinn-vinn-situasjon

– Jaguaren er ein truga art fordi leveområda vert øydelagde ved avskoging og fordi den vert oppfatta som ein trugsel mot kveghald. Det vert derfor felt mange jaguarar, sjølv om det er ulovlig. Vi ynskjer på sikt å samarbeida med lokale myndigheiter for å skapa meir bevisstheit i lokalbefolkinga om problemet, seier Wiig.

Torkjell Leira er prosjektkoordinator ved NHM. Han understrekar at forskarane ikkje er nokon garantistar for at Hydro sitt miljøprogram skal lukkast.

– Dette er ikkje oppdragsforsking. Men Hydro innsåg at kunnskapen om effekten av miljøprogrammet dei overtok frå det brasilianske guveselskapet Vale var for dårleg, så dette er ein vinn-vinn-situasjon: Forskarane får høve til å kartleggja artsmangfaldet i område der vi framleis har enorme hol i kunnskapen vår, og Hydro får kunnskap som kan forbetra miljøprogramma deira.

Skjermdumpen viser korleis forskarane via nettet kan sjå kvar ein av dei merka jaguarane bevegde seg frå 8. til 11. september 2014.

Biomangfaldet rasert

Leira forklarar at gruvedrifta skjer ved at ein fyrst fjernar vegetasjonen, før den øverste halvmeteren matjord vert skrapt bort og lagt for seg sjølv. Deretter vert rundt ti meter djup masse fjerna. Når bauxitten under der er teken ut, vert fyrst dei ti djubdemetrane med masse fylt på, og deretter vert den øverste halvmeteren med matjord lagt tilbake på toppen.

– Men biomangfaldet er like fullt rasert. Spørsmålet er kva restaureringsmetodar som er mest effektiv for å få biomangfaldet til å auka igjen, seier Leira, og forklarar at Hydro brukar tre ulike metodar:

Utplanting av 70-80 ulike artar, naturleg gjenvekst, og ein nyare metode som vert kalla nucleation, og som går ut på å aktivt forma landskapet på måtar som skal hindra erosjon og varierte økologiske tilhøve.

Restaureringsarbeid

– Både Hydro og vi har interesse av kunnskap om kva restaureringsmetodar som fungerer best. I prosjektet forskar NHM på sopp, lav, insekt og pattedyr, og det er ikkje gitt at det er ein av metodane som fungerer best for alle livsformene. Dei brasilianske partnarane forskar blant anna på jordkvalitet, biomasse og klimagassutslepp, og for dei òg er det viktig å samanlikne dei ulike restaureringmetodane.

Han fortel at Brasil har lukkast med å redusera avskoginga til ein fjerdedel av det den var for ti år sidan, men at hovudoppgåva i framtida vil vera restaureringarbeidet.

– Vi håpar og trur at funna våre kan koma til nytte andre stader i Amazonas, i tillegg til her i Paragominas.

Denne saka er òg publisert på forskning.no

Ved eit vatnhol har Wiig sett opp kamera som fotograferer dyra som kjem for å slokka tørsten, her ein tapir. Foto: Øystein Wiig, NHM

Av Torstein Helleve, kommunikasjonsleiar NHM
Publisert 22. okt. 2014 13:39 - Sist endret 19. jan. 2015 17:02