Truga sommarfugl i keramikk

Knallblå skulpturar nedanfor Osloryggen set fokus på lakrismeltblåveng, den mest utrydningstruga dagsommarfuglen i Norge.

Nokre få av "blåvengjene". Foto: Kristina Bjureke, NHM

Eit tredvetals personar trassa onsdag regnveret og var til stades på innviiinga av installasjonen ”Lakrismeltblåvinge”, som skal stå nedanfor Osloryggen fram til 15. september i år. Kunstnargruppa F36 står bak installasjonen.

Plasseringa er ikkje tilfeldig: like bortanfor kunstverket veks lakrismjelt, planten som lakrismjeltblåvengen lever på.

Var ikkje å finna

Entomolog Hallvard Elven frå NHM fortalde engasjerande om korleis forskarane meiner at lakrismjeltblåvengen kom hit til landet etter siste istid, og at den så har klart å klora seg fast på spesielt lune stader i indre Oslofjord når klimaet vart kjøligare att.

Den vakre blå sommarfuglen var ein kjent og kjær art blant sommarfuglsamlarar, men ingen registerte at veksande byområde hadde slukt stadig meir av leveområda til lakrismjeltblåvengen før den brått nesten ikkje var å finna nokon stad.

Faktisk trudde ein for fem år sidan at den var heilt utdøydd her til lands. Og det kunne vi godt ha halde fram med å tru, hadde det ikkje vore for den ihuga sommarfuglentusiasten Roald Bengtson, som til slutt klarte å finna ein einaste stad der lakrismjeltblåvengen framleis finst her til lands.

Strengt hemmeleg

Kvar det er, er strengt hemmeleg. Frå dei få registreringane som er gjort, anslår ein at det finst eit par titals individ der per sesong. For ein sommarfuglart er det katastrofalt lågt.

Med løyve frå Fylkesmannen i Oslo og Akershus driv Elven no lakrismjeltblåvengoppdrett i vinduskarmen frå egg som skriv seg frå den hemmelege staden, som skal utplasserast som forsøk på å driva fram ein større stamme.

Øystein Røsok frå Fylkesmannen si miljøavdeling var den som opna utstillinga. Han fortalde om tiltaksplanen som dei har utarbeida, og som er send til Direktoratet for naturforvalting og skal endeleg vedtakast i Miljøverndepartementet.

Prioritert art

− Rett nok er lakrismjeltblåvengen freda. Men så lenge leveområda ikkje er freda, står den likevel i fare for å bli utrydda. Eitt av forslaga i tiltaksplanen er derfor å gje lakrismjeltblåveng status som prioritert art. I så fall kan leveområda òg verta freda.

Han la til at sjølv om Oslo og Akerhus har flest utrydningstruga artar, er det berre ein av dei (drakehovud) som er prioritert til no.

Dei regnvåte, men blide medlemmane i kunstnargruppa F36. Foto: Kristina Bjureke, NHM

Av kommunikasjonsleiar NHM, Torstein Helleve
Publisert 24. mai 2013 15:50 - Sist endret 6. nov. 2013 10:29