Blått lys for blå skjønnheit

Drastiske tiltak er teke i bruk for å redda den vakre sommarfuglen lakrismjeltblåveng. Men det kan visa seg å vera for seint.

Ei av hoene som vart sett ut. Foto: Hallvard Elven, NHM

– Når ein tek individ av ein art bort frå naturen og avlar dei opp i fangenskap, kallar ein det ex situ-bevaring. Botanikarar har drive med det lenge, men det er så vidt eg veit fyrste gong vi har gjort ex situ-bevaring av dyr i Norge for å reintrodusera dei i naturen, seier Hallvard Elven.

Han er insektforskar ved Naturhistorisk museum, Universitetet i Oslo, og i vinter har 120 egg frå lakrismjeltblåveng overvintra utanfor stovedøra hans, i ventilerte plastrøyr i ein boks med fuktig Leca.

Arten alle skulle fanga

I mange år var lakrismjeltblåveng den arten som alle norske sommarfuglsamlarar på eitt eller anna tidspunkt i karrieren skulle fanga. Inga samling var komplett før eigaren hadde skaffa seg eit eksemplar frå bestanden på øyene utanfor Asker og Bærum.

Men innsamlingsaktiviteten var likevel svært beskjeden, og det var inga systematisk overvaking av arten. Ikkje før i 2007 vart arten kartlagt for fyrste gong, og då kom sjokket: ein lukkast berre med å finna eitt einaste individ. Året etter fann ein ingen, og ein frykta at arten var utdøydd i Norge.

– Det er viktig å få fram at det ikkje er sommarfuglsamlarane som har skulda, understrekar Elven.

– Hovudårsaka er at stadig større område vert utbygde, og at kulturlandskapet har grodd igjen. Det hjelper heller ikkje at vertsplanten lakrismjelt vert fortrengt av svartelista arter, uynskte nykomarar i norsk natur som rynkerose, syrin og kanadagullris.

Hallvard Elven med ei av hoene som vart fanga som avlsho. Foto: Christian Steel

Ubefrukta egg

Men i 2009 fann sommarfuglentusiasten Roald Bengtson etter intens leiting to lakrismjeltblåvenger på ein stad som er så hemmeleg at berre nokon få innvigde veit kvar den er. I 2012 vart det avgjort å gje den skjøre bestanden drahjelp ved å avla fram nye individ i beskytta omgivnadar.

– Egga frå den fyrste hoa vi fanga viste seg å vera ubefrukta, og dei fall saman etter tre veker. Men den neste vi fanga, hadde vi meir hell med, seier Elven.

Då våren kom, vart 71 egg klekte til larvar, som vart fora opp på lakrismjelt. Av desse vart 57 til vaksne sommarfuglar.

– I naturen ville overlevingsraten vore på rundt to prosent, så dette er vi storfornøgd med, seier Elven.

Utsetjinga på Borøya vart grundig dokumentert, m.a. av Aftenposten. Sjå artikkelen Slik reddes en sommerfugl. Foto: Hallvard Elven, NHM

Kan etablera seg på nytt

I juli plasserte Elven, Bengtson og Øystein Røsok frå Fylkesmannen i Oslo og Akershus si miljøavdeling ut sommarfuglane på Ostøya og Borøya i Bærum, i tillegg til den hemmelege levestaden.

– Dette er stader der lakrismjeltblåveng har levd tidlegare, og der tilhøva enno er slik at det er gode sjansar for at den kan etablera seg på nytt, seier Elven.

Men sjølv om dei fyrste observasjonane tyder på at sommarfuglane finn seg til rette på dei nye stadene, er det ei stor svart sky i horisonten.

Siste krampetrekning

– Vi har prøvd å finna ein ny hosommarfugl på den hemmelege lokasjonen for ein ny runde med oppavl, men vi har berre funne hannar.

– Dette er kritisk, for sidan dei utplasserte sommarfuglane på Ostøya og Borøya alle er sysken, er dei heilt avhengig av å få tilført nytt genmateriale for at ikkje bestandane skal gå dukken på grunn av innavl, forklarar Elven.

– Dette er etter alt å døma den siste krampetrekninga for lakrismjeltblåveng i Norge. Eg fryktar at vi kan sjå den døy ut framfor augene våre.

Denne saka er òg publisert på forskning.no

Ho av lakrismjeltblåveng. Foto: Hallvard Elven

Av kommunikasjonsleiar NHM, Torstein Helleve
Publisert 9. sep. 2013 05:00 - Sist endret 20. jan. 2015 10:35