Tsjeljabinsk-metoritten til NHM

– I år kom julekvelden tidleg, seier geolog Rune Selbekk etter å ha motteke ein 125 gram stor bit av meteoritten som fall ned over Tsjeljabinsk i Russland 15. februar.

Meteoritten vakte oppsikt over heile verda, ikkje minst takka vere dei mange opptaka frå russiske dashboardkamera. Det vart rapportert om rundt 1500 skadar på menneske, hovudsakleg frå glasskår frå knuste vindauge, og rundt 7200 bygningar vart skada.

No er ein av bitane kome til Naturhistorisk museum ved Universitetet i Oslo. Det er via det godt utbygde russiske kontaktnettet til meteorittentusiast Morten Bilet at meteoritten har havna ved NHM.

– For geologar kjem julafta til dei merkelegaste tider på året, og nett no er eg som ein liten unge som har fått det eg ynskjer meg, gliser Selbekk.

Han fortel at sjølv om den største biten som er funnen så langt er på heile 1,5 kg, er dette òg ein relativt stor bit. Mange av funna er berre på nokre få gram.

– Meteoritten er av typen LL5, som betyr at det er ein steinmeteoritt med lågt jerninnhald. At den vart funnen så tidleg betyr at den er fersk, dvs. at den ikkje har vore i kontakt med regnvatn og dermed har oksidert mindre.

Meteoritten vil verta utstilt på museet, men det kan ta nokre veker før den vert klar. I slutten av mai vil den i alle fall vera utstilt.

Hør radio-innslaget på NRK

Bli med når en norsk geolog får "en pakke fra verdensrommet" med fire milliarder gammelt innhold! (Ekko, 22.4.13)

Morten Bilet (t.h.) og Rune Selbekk viser fram den 125 g store meteoritten. Selbekk brukar hanskar for å ikkje forureina meteoritten. Foto: Torstein Helleve, NHM

Slik såg det ut då meteoritten landa

Då meteoritten trefte

Av Torstein Helleve, kommunikasjonsleiar NHM
Publisert 23. apr. 2013 09:25 - Sist endret 6. nov. 2013 10:23