NHM fekk sjeldent haifossil

Fossile haiskjelett er svært sjeldne, sidan skjelettet er bygd opp av brusk som vanlegvis rotnar fort. Men veneforeninga PalVenn har gjeve NHM eit slikt skjelett, som no er utstilt i Geologisk museum.

− Vanlegvis er det berre tennene av haien vi finn som fossil. Haiar er såkalla bruskfiskar, som betyr at skjelettet er bygd opp av brusk. Det er mykje mindre motstandsdyktig enn tennene, og rotnar som regel fort, fortel fyrsteamanuensis Jørn Hurum.

Men nokre få stader i verda finst det likevel heile bruskfiskar bevart som fossil. Ein av desse stadene er Hâqel i Nord-Libanon.

Fossila herfrå vert rekna som dei aller beste, og det er her det nye haifossilet til NHM er funne. PalVenn, eller Paleontologisk museums Venner som er det fulle navnet, har òg gjeve museet ei fossil skate frå same staden.

Takkar Palvenn

− Desse fossila er om lag 100 millionar år gamle, og eksepsjonelt godt bevarte.

− Vi fekk dei rett før jul, så dette var ei real julegåve frå PalVenn, seier Hurum, og legg til at museet har mykje anna å takka veneforeninga for.

− I tillegg til gåvene dei gjev oss, stiller medlemmene opp på arrangement som Dinodagen og Geologiens dag.

− Fleire av medlemmene har òg vore med på øgleutgravingane på Svalbard, mellom anna. Utan PalVenn hadde vi hatt mindre aktivitet ved museet.

Dei nye fossila er utstilte i fossilsamlinga i 2. etasje i Geologisk museum, i monter rett til venstre etter Mineralsalen.

Haifossilet

Publisert 8. mars 2012 11:26 - Sist endret 8. mars 2012 14:17